NYTT i NOREG!

Onlinekurs /Internettkurs i Motorsagkunst!

Har DU og lyst å laga denne bjørnen med motorsag?

Askeland Kunstnargard presenterar nettkurset: "Frå stokk til bjørn"

Motorsagkunstnar Arne Askeland viser deg, steg for steg, korleis du skapar ein tømmerstokk om til ein flott bjørn. Heima hjå deg sjølv, med teknikkar alle kan læra seg.

  • Kunne du tenkt deg og lært å bruka motorsaga til noko kreativt ?

  • Til å imponera naboen eller kona med ein nydeleg bjørn i hagen?

  • Til å verkeleg ha da gøy med saga?

Då er dette kurset "Frå stokk til bjørn" skreddarsydd for deg!

"Frå stokk til bjørn"

Steg for steg - Kutt for kutt

I dette videobaserte kurset på internett får du verkeleg lære korleis du skal bruke motorsaga di til å skape skulpturar med.

Straks du har kjøpt kurset får du tilgang til ein kursportal der det ligg opplæringsvideoar for korleis du, steg for steg, skjer ut ein bjørn av ein tømmerstokk.

Det er i alt 25 opplæringsvideoar, oversiktleg fordelt, i 4 Modular. 
Du får i tillegg med 2 GRATIS bonus-videoar.

 

Sånn ser kursportalen ut:

Her er alt lett tilgjengeleg med ein video for kvar steg du skal ta, med forklaringar i forkant.

Dette er innhaldet i modulane:

Modul 1:

Klargjering av stokk.
I denne første modulen for du mange gode tips om kva du må veta når du skal velga deg stokk, kva type treslag og kva type virke som eignar seg best.


Modul 2:

Blokking
Kor skal du byrja når du skal laga ein skulptur?
Her får du læra korleis du grov-formar skulpturen steg for steg, og gjer dei første kutta for å fjerna dei store betane.


Modul 3:

Forming
Skal du bruka ei motorsag til å forma med treng du å kunna nokre teknikkar som gjer dette enkelt og ufarleg.
I tillegg lærer du, kutt for kutt, korleis du skal hente ut bjørnen.


Modul 4:

Detaljar - Klør/pels
Mange er imponert over Arne sine naturtro skulpturer. Det ligg mykje i å kunne gjera detaljar.
Her viser han deg korleis du skjer klør og, ikkje minst, korleis du lagar pels på bjørnen.


BONUS #1: 

Opplæringsvideoen "Korleis fila kjedet."
I tillegg til at du lærer å skjera ut ein bjørn steg for steg, får du og med deg ein eigen opplæringsvideo der Arne viser deg korleis du skal fila kjedet for å få absolutt det beste resultatet. Arne har aldri filt på ein anna måte etter at han lærte denne teknikken, som gjer deg lengre bét på kjedet og betre kutt. Uansett kva du skal bruke saga til.


BONUS #2:

Opplæringsvideoen "Korleis setje opp saga med carvesverd/ skulptureringssverd."
Her viser Arne deg, steg for steg, korleis du kan omgjera den vanlege motorsaga di til ei sag som er perfekt til motorsagkunst.
Og kva som må vera tilstades på saga for at dette kan la seg gjere.

Bonus #3:

Arne viser deg sin første bjørn. :)

 

Fordelane med å ta kurset på internett:

  • Du får innføring i kvart kutt og kvart steg Arne tar for å trylla fram ein bjørn ut av ein stokk.
  • Du kan sjå kvar kutt om igjen og om igjen.
  • Du kan gjera alt i ditt tempo.
  • Du kan ta kurset når da passar deg.
  • Kor da passar deg.
  • Du slepp å reisa nokon stad for å gå på kurs.
  • Du treng ikkje ta fri frå jobben for å gå på kurs.
  • Du slepp utgifter til reise/kost/losji.
  • Da er rimelegare enn å gå eit "fysisk" kurs. (Som skjeldan vert tilbydd)
  • Du får tilgong til kurset i 1 år. 
  • Du kan difor gå tilbake å sjå kvar video om og om igjen og studera kva Arne gjer, igjen og igjen.
  • Du har tilgong til kurset kor enn du har nett-tilgong.
  • Du kan sjå da på pc, mac, nettbrett, iphone, android etc. - så lenge du har tilgang til internett.
  • Du slepp å ha prestasjonsangst for "kor flinke" dei andre på kurset er.

I tillegg til kurset får du og:

  • Medlemskap i lukka Facebook-gruppe.
    Vi har ei lukka Facebook-gruppe der du kjem saman med dei andre som tar kurset på nett. I denne gruppa kan du be om råd, du kan leggje ut det du held på med og få tilbakemeldingar av både medstudentar og av Arne. 
    Arne vil vera ofta innom å svara på spørsmål og gje innspel.
  • Du får vera med på 2 GRATIS webinar / undervisningskveldar på internett.
    Her får du og veiledning/ svar på spørsmål etc. samt gode råd for å verta god i motorsagkunst.
  • Oppdateringar.
    Ved å vera med i denne gruppa vil du og sjølvsagt få alle oppdatert på nytt utstyr som Arne anbefalar og få tilgang på linkar der Arne kjøper sitt utstyr. Du kan og spørja han til råds om utstyr.

Dette seier tidlegare kursdeltakarar om Arne sine kurs i motorsagkunst:

 

Ofte stilte spørsmål:

- Må eg investere i mykje dyrt utstyr når eg tar kurset?

Arne anbefalar at du investerer i eit nytt sverd og kjede som er særleg godt eigna til motorsagkunst. Dette er ikkje noko ein må gjere, men er ein fordel for å gjera saginga lettare. Prisen på dette utstyret ligg på rundt Kr. 1.300,- og du får linkar til kor du får kjøpt det på kurset.

- Eg er ikkje so god på internett og data. Får eg hjelp til det tekniske på kursportalen på internett visst eg står fast?

Ja. Du vil få all den hjelpa du treng visst noko skulle vera uklart. Om du idag brukar e-post og facebook vil denne portalen vera lett for deg å manøvrere i.

Kva om eg reiser på hytta. Har eg tilgang til kurset der eller er det lasta ned til mi maskin heime?

Så lenge du har tilgang til internett vil du ha tilgang til kurset. Kurset ligg på ein portal, og du har tilgang uansett kor du logger deg på.

 

Kva kostar kurset?

Ordinær pris er kr. 5990,- men for ei avgrensa tid tilbyr vi det til ein introduksjonspris, kr. 4.990,-. Trykk på banneren under og få kurset til introduksjonspris!

Du kan og dela opp betalinga. Trykk på det alternativet som passar best for deg:

14 dagar 100% NØGD eller pengane tilbake!

So sikre er me på at dette skal vera akkurat det du treng for å koma i gong med motorsagkunst at me gjer deg denne garantien: 100% nøgd - eller pengane tilbake!


Om du kjøper kurset og ikkje vert nøgd, gjer me deg pengane tilbake innan 14 dagar, utan spørsmål.

Da viktigaste for oss er at DU skal vera nøgd. 

Skal du byrja med motorsagkunst, meld deg på idag og nyt godt av introduksjonsprisen.

Du skal i alle fall ikkje risikera å tapa noko!

Trykk på eit av alternativa under og kom igong IDAG!

Betal i eitt eller tre avdrag

Litt om Arne Askeland

Arne har heilt sidan han var liten gut elska å forma skulpturar i tre og leire, men da var først då motorsaga vart introdusert som verktøy i 2010 at det tok heilt av. No lever han av å vera motorsagkunstnar og har satt mange spor etter seg rundt om i Noreg.

Norsk Folkemuseum

Våren 2016 fekk Arne i oppdrag å saga ut 18 dyr i fullstørrelse til Norsk Folkemuseum på Bøgdøy. Tre kyr, fira kviger, ein kalv, fira sauer og seks geit laga av Askeland kan du få med deg om du vitjar muséet.

Søreide Kirke - Bergen

Denne julekrybba var eit bestillingsverk til kyrkja sitt 40-års jubileum i 2013. Krybba vart vist på NRK 1 sine sendingar av julegudstenester det året.

Fjorden Cowboys

Våren 2017, i sesong 4 av "Fjorden Cowboys"  får du sjå korleis da gjekk til når Lothepus skulle få seg ein viking i tunet. Ein skulptur som har dukka opp i både VG, Dabladet, Se & Hør m.m. den seinare tid.

Ps. til deg som er i eit forhold:
"Da er utruleg kor mykje tid du får lov å bruka ilag med motorsaga di når den du bur ilag med får vakre skulpturar til hagen eller hytta i retur." 

Om Askeland Kunstnargard

Askeland Kunstnargard ligg på Osterøy utanfor Bergen. Den er drevet av artist og coach Linda Fosse og motorsagkunstnar Arne Askeland. Dette er  ein særs rikhaldig gard der dei tilbyr kurs, underhaldning, foredrag og produksjon av skulpturar i tre.
Dei tar oppdrag ute men kan og opplevast på Kunstnargarden. Ta kontakt for nærmare avtale.

Har du Spørsmål? 

Ikkje nøl med å skriva til oss på:
motorsagkunst@gmail.com